Handlekurv

Å finne Gud...

Å finne Gud i feil folk

Vedkjenningar frå eit religiøst (men ikkje veldig åndeleg) liv.

Nadia Bolz-Weber prøvde lenge å unngå kontakt med Gud. Ho var sta, men Gud var endå staare. For Gud berre heldt fram med å dukke opp gjennom heilt uventa menneske: ei drag queen, ein kriminell biskop, ein skyteglad våpenlobbyist. Å møte Guds nåde er ikkje som å bli pakka inn i mjuke teppe, men som å bli slått i hovudet av ein stump gjenstand, skriv Bolz-Weber i boka. Og når nåden slår til, blir menneske forandra – på heilt uventa vis.

Dette er den kristne boka du skal lese om du ikkje vil lese ei kristen bok.

Nadia Bolz-Weber har vore stoffmisbrukar, standupkomikar og fråfallen – i dag er ho prest i den lutherske kyrkja i USA. Men ho er framleis sylkvass, grovkjefta og vittig, og ikkje minst: ein predikant av dei store.

kr 299

Bøker, Pocket

Beskrivelse

Frå boka:

«Det har gått opp for meg at alle helgenane eg har kjent, er blitt helgenar på slump – det er folk som heilt uforvarande snublar over frelsa mens dei leitar etter noko anna, folk som berre har eit ørlite alkoholproblem og klarer å bli edru nok til å hjelpe andre til å gjere det same, folk som er like snille som dei er slemme.»

 

«Og å ta imot nåden er rett og slett den beste dritkjensla i verda. Eg ønskjer ikkje å trenge det. Aller helst ville eg klare alt og vere alt og aldri rote det til. Og sjølv om det er det eg ville ha føretrekt, er det aldri det eg treng. Eg treng å bli plukka frå kvarandre og så bli sett saman til noko nytt av det som smeltar saman det menneskelege og det guddomlege. Det handlar om å tabbe seg ut og ta imot nåde og kjærleik og tilgiving i staden for å få det eg verkeleg fortener. Eg treng akkurat det som eg gjer alt for å unngå å trenge.»

 

Sagt om:

Boken har utfordret meg. Jeg har ledd og grått, men ikke minst har jeg blitt pekt i retning av nåden og det kristne fellesskapet.
Kjersti Gautestad Nordheim, sogneprest i Birkeland, fra anmeldelse på prest.no

Når teologien blir tatt med til steder den ikke har vært før, som Bolz-Weber gjør, kan evangeliet bli like rått som livet faktisk er.
Merethe Thomassen, førsteamanuensis ved Universitetet i Oslo

Ho jekkar ned sin eigen moralske plattform, og let ikkje som ho veit meir eller er betre enn sine meiningsmotstandarar.
Lars Petter Sveen, forfattar og bokansvarlig i Vårt Land

Nadia kombinerer ein radikal openheit og stadfesting av menneske som nok ikkje alle stadar har opplevd seg velkomne­ og som ein del av flokken i kyrkja, med tydeleg forkynning om både synda og nåden.
Sunniva Gylver, forfatter og sogneprest i Fagerborg kirke

I min posisjon utafor troa, er det her kristendommen gir aller mest mening: At Gud kan være et ­referansepunkt på sida av min altfor menneskelige eksistens. Et ideal, noen etiske forskrifter, en fortelling om noe viktig­ere og mer varig. Bolz-Weber har funnet en måte å vinkle det kristne­ tankegodset på, slik at disse ­erkjennelsene slår meg med større kraft enn på lenge. Og hun gjør det på en måte som gnistrer.
Erik Engblad, anmelder i Vårt Land

Eg veit at eg ikkje kjem til å vera prest på samme måte etter å ha lest denne boka. Eg veit at ho forandra viktige sider ved min tanke og min teologi i den augneblinken eg leste ho. Og eg veit at det ikkje er ein inspirasjon som går over, men som vil prega meg resten av livet. Les for å bli begeistra, provosert, fornya eller irritert, glad eller trist. Men for all del: Les!
Marita Bjørke Ådland, sogneprest i Slemmestad og Nærsnes, fra anmeldelse i Nytt norsk kirkeblad

Nydelig, uventet, utfordrende, rå, livsnær. Ingen kan preke om synd og nåde som Nadia Bolz-Weber.
Sunniva Gylver, forfatter og sogneprest i Fagerborg kirke

Ho pakkar ut luthersk teologi, og greier­ å ikkje gjere han så verkelegheitsfjern.
Anette Dreyer, prest i Ellingsrud og Furuset kirke.

En drivende god, tankevekkende og utfordrende bok. Denne kjøpte jeg en stor bunke av til menigheten, fordi jeg er overbevist om at det gjør menigheten godt å lese den.
Nils Terje Andersen, sogneprest i Vågsbygd

 Det er mennesker som deg og meg det handler om. Mennesker som ikke får det bedre ved at vi påpeker deres synder og laster. Disse vet de som regel smertelig mye om fra før. Når vi heller ser hverandre med nådens blikk kan vi finne Gud i feil folk.
Lennart Iversen, anmeldelse i re:tro

(Bolz-Weber) is a tatted-up, foul-mouthed champion to people sick of being belittled as not Christian enough for the right or too Jesus-y for the left.
Washington Post

The amazing thing about Nadia Bolz-Weber is that she manages to take her Christianity into corners of life where the church can be pretty uncomfortable going.
The Daily Beast

Tilleggsinformasjon

ISBN

9788293368519

Oversetter

Hegelin Waldal

Språk

Nynorsk

Om forfatteren

Author

Nadia Bolz-Weber er grunnleggjaren av kyrkja Huset for alle syndarar og helgenar, ei luthersk kyrkje i Denver, Colorado. Ho har skrive fleire bøker og er eit kjent fjes i amerikansk offentlegheit. Å finne Gud i feil folk er den første boka hennar på norsk.

Siste fra bloggen

Følg nyhetsbrevet vårt

X